Er dette Sunnfjords lengste mobilkode?

Artikkelen er over 4 år gammel

Problem med å hugse mobilkoden din? Det har ikkje denne karen.

DEL

Trygve Sæten Nilsen (16) i Firda Ung har 92 siffer i mobilkoden. Slå den! Sjå videoen Martha Linnea Pukallus laga :)

– Det starta med at eg hadde fire tal. Så gjorde eg det om til ti, fordi eg ville lage eit mønster, seier Trygve.

Så la han til litt og litt og litt. Plutseleg var koden på 41 siffer.

– Ein dag på eg sat på bussen heim frå skulen fann eg ut at eg skulle doble den. Så blei det 92. Eg berre la på, og la på. Då sit det i hovudet.

Trygve Sæten Nilsen, Firda Ung

Trygve Sæten Nilsen, Firda Ung Foto:

For sikkerheits skuld skreiv han koden ned på ein lapp.

– Men eg kan heile altså.

Som oftast brukar Trygve likevel fingeravtrykket for å opne mobillåsen.

– Men når eg øver i korpset blir eg ofte litt sveitt på fingrane. Då funkar ikkje det. Då må eg anten skrive koden raskt eller pine meg gjennom at mobilen er låst, seier han med ein latter.

– Kor lenge gidd du å ha så lang kode, då?

– Hehe. Eg har hatt den i fire månadar allereie. Eg er ikkje lei enno.

Artikkeltags