Firda Firda Ung Ti kjappe med
Martha Linnea Pukallus

Olaf skulle ønske han begynte å tromme som baby

Olaf Gloppen (17) frå Førde er veldig, veldig glad i å drive med musikk, trass i dårleg gehør.
Publisert

Korleis har du det?

– Eg har det ganske bra. Sliten, derfor er det herleg med sommarferie. Akkurat her eg sit på golvet på skywalken er det kaldt, som er ein positiv ting.

Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

– Eg ville ha kjøpt musikkutstyr. Trommesett og eit skikkeleg musikkstudio. Kva meir treng eg eigentleg? Kva musikar er det liksom som gidd å spare pengar! Eller greitt, eg hadde kanskje prøvd. Men eg hadde ikkje klart det.

Når var du sist redd?

– Eg er i grunnen sjeldan redd. I alle fall ikkje viss du tenker på frykt for edderkoppar og slike typiske ting. Derimot har eg den overhengande frykta for at eg aldri kjem til å oppnå noko i livet og at draumen min om å kunne leve av musikken aldri vert realisert.

Firda Firda Ung Ti kjappe med

Firda Firda Ung Ti kjappe med Foto:

Kva er du opptatt av for tida?

– Hæ, får eg ikkje lov til å seie musikk?! Musikken kjem i alle fall alltid først. Så likar eg også data og gaming, sjølv om eg ikkje får gjort det ofte nok.

Når laug du sist?

– Det hugsar eg faktisk ikkje. Eg vil i grunnen seie at eg er ein ganske ærleg person, og lyg ikkje med mindre det er ein særs god grunn for det.

Kven er forbildet ditt?

– Det må bli to legendariske slagverkarar, Steve Gadd og Buddy Rich. Eg er veldig glad i jazz, og dei to har hatt stor påverknad på sjangeren. Dei har oppnådd så mykje at det nesten ikkje går an å ikkje ha dei som forbilde.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

– Mobilen min likar visst å ta bilde på eiga hand.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

– Sørge for at eg hadde begynt å øve på tromminga i tidlegare alder. Det var ikkje før i 10. klasse at eg begynte å ta det seriøst og tenke at det kanskje var ein karriereveg. Forbildet Buddy Rich spelte jo sin første konsert som 18 månader gammal baby! Eigentleg synest eg alle foreldre bør sende barna på kulturskulen så snart dei er gamle nok til å begynne på vanleg skule.

Kva er noko ingen andre veit om deg?

– At eg likar musikk? Nei, i grunnen er eg så open at eg trur det alltids finst nokon som veit om noko.

Kva er din beste og verste eigenskap?

– Eg kjem lett i kontakt med nye folk og har høyrd at eg er god å snakke med. Samtidig er eg dyslektikar, plattfot, fargeblind, altfor høg, er veldig irriterande og har dårleg gehør. Eigentleg ventar eg berre på at kroppen min skal pådra seg kreft også.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken