Emild (17) var avhengig av snapchat

SNAPCHAT: – Til slutt har du hundrevis av vener, men flesteparten kjenner du ikkje ordentleg eingong, og du saknar då det berre var 30 vener på lista.

SNAPCHAT: – Til slutt har du hundrevis av vener, men flesteparten kjenner du ikkje ordentleg eingong, og du saknar då det berre var 30 vener på lista. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: – Til slutt har du hundrevis av vener, men flesteparten kjenner du ikkje ordentleg ein gong.

DEL

– No har det blitt slik at det er litt av og på, men i dei mest aktive periodane har eg streak med opptil 100 personar om gongen. På det meste hadde eg over 120.

Det seier Emild Espeland (17). Han var hekta på streakfunksjonen, og planla snappinga for å halde det gåande.

(Snapchat er eit sosialt medium som kan samanliknast med Facebook. Streak betyr at du og ein ven har sendt bilde til kvarandre kvart døgn i meir enn tre etterfølgande døgn. journ. anm. )

Når tidsfordriv blir rutine

For dei fleste handlar streaks om å ha god kontakt med folk, men for nokre blir det ei kjedeleg rutine.

– Eg sendte jo «god morgon"-snap og «god natt"-snap til alle eg hadde streak med før eg la meg. Det gjekk nok vekk litt søvn der, men det var liksom berre noko eg måtte gjere.

Espeland fortel at han av og til må planlegge når på dagen han skal sende snap, for å sørge for at han ikkje misser nokre streaks.

– Av og til veit du at du ikkje har dekning om morgonen eller om kvelden. Då må du kanskje sende fellessnappen for kvelden klokka fem, og vere nøye med å sende ny om morgonen, så er du heilt sikker på at det går bra.

Tre år med dagleg kontakt

Den lengste streaken Espeland har hatt var på 960 dagar, eller nesten tre år med kontakt kvar einaste dag.

– Eg prøvde å halde på den for ein kvar pris. For nokre dagar sida forsvann den utan grunn, og då vart eg veldig frustrert. Det var jo ikkje eg som hadde latt den gå ut, men likevel var den vekk. Det var veldig kjipt.

Ny kampanje: Dropp sosiale medium i september

Etter at det hadde gått nokre dagar oppdaga syttenåringen noko overraskande: Han var letta.

– Det blir jo eit stressmoment, og noko du tenker på kvar dag. Eg vart overraska over kor letta eg følte meg, og etter det har eg slutta å gå inn for å halde oppe snapstreaks.

Hadde klart oss betre utan

Sjølv om mange er veldig opptatt av streaks, føler Espeland at vi hadde klart oss betre utan:

– Det er heilt klart eit stressmoment. No når eg sjølv har opplevd kor letta eg vart av å miste ein streak, forstår eg plutseleg kor håplaust det er.

Funksjonane til Snapchat er konstruert for å gjere ungdom mest mogleg avhengige. Espeland har allereie gjennomskoda det.

– Du startar med å ha 30 vener, og så er det kjekt. Etter kvart vil du ha fleire, for det gir deg meir status. Til slutt har du hundrevis av vener, men dei fleste kjenner du ikkje ordentleg eingong, og du saknar då det berre var 30 personar på lista.

– Ein må ikkje la det gå ut over det som er viktig

Mor Laila Johannessen syns Snapchat har mange fine sider, og har ikkje merka at tenåringen har vore mindre sosial.

– Vi har jo ei familiegruppe på Snapchat, og det er ein fin måte å vere i kontakt på. Eg føler eg får eit heilt anna innblikk i Emild sin kvardag.

Johannessen meiner det viktigaste er å finne ut av kvar eigne grenser går, og som forelder skal ein sjølvsagt vere litt ekstra obs.

– Ein må ikkje la det gå ut over det som er viktig. Det er jo slik at ein kan bli litt for opptatt av både det eine og det andre, men eg føler vi har god kontroll her i heimen.

Artikkeltags