Dersom du høyrer ein durande motorlyd i Øyrane-området, kan det hende at det er Henrik Reiakvam på grasklippar du høyrer. Trettenåringen har fått sin første sommarjobb av far sin, og tener lommepengar til USA-tur ved å fjerne gras frå stein, bruke kantklippar og køyre plenklippar under oppsyn av dei vaksne.

– Eg synest det er ein gøy jobb. Sjølv om eg fekk opplæring første dagen visste eg ein del frå før av. Eg er vant med å klippe plenen heime så dette er ganske likt, bortsett frå at klipparen køyrer seg sjølv og har eit sete.

Sommarjobben: Plenklipping

Kven: Henrik Reiakvam (13), frå Naustdal

Arbeidsplass: Jobbar for pappa

Arbeidsoppgåver: Klippe plenen, fjerne gras frå steinar

Dagens framkomstmiddel: Sat på med pappa

Gjer på i pausen: Eit mat, helst knekkebrød

Tilbringer tida på: Eit svært behageleg sete på ein motorisert grasklippar

Gler seg til i sommar: Ferie i USA og route 66

Gler seg til lappen

Det beste med jobben er nettopp at han får lov å køyre rundt.

– Eg gler meg til eg blir 16, då kan eg ta lappen på traktor og firehjuling. Når eg køyrer er tankane mine konsentrert på det som skjer framfor meg, at eg må klippe beint og skikkeleg, og at eg ikkje må komme borti bilane.

Han irriterer seg over kor langt inn bilane parkerer, for då får han ikkje alltid klipt alt graset.

– Når bilane køyrer står det igjen store felt som ikkje er klipt, og då ser det ut som om eg ikkje gjer jobben min skikkeleg.

Dryger ikkje fartsgrensa

Henrik er ikkje sikker på kor fort grasklipparen kan gå på maks, men tippar den greier rundt 10 km/t. Han har ikkje testa det, det er ikkje hastigheita som er viktig.

– Av og til høyrer eg på musikk mens eg køyrer bortover, andre gongar ikkje. Det går i så fall stort sett i rock og country. Eg høyrer på mykje forskjellig, men har endå ikkje høyrd på klassisk symfonimusikk.

Han møter ikkje mange nye menneske mens han sit på klipparen, men ser for seg at jobben hadde vorte sosial dersom han køyrde på ein bil.

– Det han synest er mest kjedeleg er å fjerne gras frå steinane, det er ikkje spesielt engasjerande arbeid. Men dette er ein jobb som krev tolmod og nøyaktigheit.