Midt i julestria har både unge, gamle og nytilflytta nordmenn over heile landet brukt onsdagskvelden sin til å gå i fakkeltog for ein human asylpolitikk – dette også i Førde. 

Frå Førdehuset til Rådhuset gjekk rundt 60 menneske i fakkeltog i samband med arrangementet «Tusen lys for menneske på flukt» arrangert nasjonalt av ein rekke organisasjonar blant anna Amnesty International Norge, Norsk Folkehjelp og Refugees Welcome.

Ein av ungdommane som kom for å vise si støtte var Magnus Bøyum (18) frå Førde. Han møtte opp fordi han meiner det er ei viktig og dagsaktuell sak. Og han meinte fleire burde møte opp på likande arrangement for å vise sitt engasjement. Både unge og vaksne.

Frå todelt til samla samfunn

– Noko konkret ein kan gjere er å starte grupper og aktivitet i lokalsamfunna slik at alle kjenner seg velkomne, og ingen vert utestengt. Det å kjenne seg åleine er veldig kjedeleg og vanskeleg uansett kvar ein kjem frå, seier Bøyum til Firda.

Ein annan av dei som møtte opp var den tidlegare flyktningen Abid Khan (17) frå Afghanistan. Han har no budd i Lavik i 1,5 år og er særs takknemleg for integreringa og varmen han har opplevd i lokalsamfunnet sitt. Med imponerande norskkunnskapar fortel han om sitt forhold til Norge.

– Eg har blitt veldig glad i Norge og det norske folket er veldig snille. Ein av dei tinga eg er mest takksam for er at eg har fått sjansen til å gå på skule. I heimlandet mitt Afghanistan hadde eg ikkje moglegheita til det, seier Khan.

Han er oppteken av korleis ein møte og behandlar flyktningar.

– Vi er normale menneske som ønskjer å lære norske normer og reglar. Eg har vore heldig med inkluderinga og integreringa eg har opplevd i Lavik, men det er ikkje alle som har det slik.

Sjølv er han bekymra for sitt eige folk og andre flyktningar i Norge. Han føler terskelen for å bli sendt ut er låg, og meiner det gjer noko med tryggleiken dei andre opplever.

– Eg ser ofte i media og elles at både afghanske og andre barn blir sendt ut av landet. Vi kjem frå eit land med krise og konflikt, og eg meiner alle som har behov for det bør få asyl.

Ta tak i kvardagen

Blant ungdommen med faklane møtte Firda òg Ida Søgnen (17). Ho gjekk i sitt første fakkeltog for ei sak ho meiner er bra og er verd å engasjere seg i.

– Grunnen til at eg møtte i dag var fordi eg har stadig blitt meir og meir opprørt over haldningane nokre har til asylsøkarane, tilstandane og brota på rettane dei står overfor. Alle bør bli behandla som likeverdige menneske.

Ho fortel at engasjementet hennar tok seg opp fordi ho er ueinig i asylpolitikken Norge har i dag. Ho meiner det er viktig å fokusere på kva ein kan gjere sjølv i lokalsamfunna for å kvardagsintegrere dei som har komme til bygda.

– Ein kan besøke asylmottaka og lære meir om situasjonen. Dette gir eit betre innblikk i deira kvardag. Det er veldig viktig å bli kjent med dei, og ikkje førehandsdømme dei som lukkejegerar utan gode intensjonar.