Processed with VSCO with e5 preset
Matilde Kvammen

Hennar verste eigenskap er konkurranseinstinktet

Karoline Fauske (17) frå Førde brukar mykje tid på volleyball og skule, men skulle gjerne brukt meir tid saman med vener.
Publisert

Korleis har du det?

Eg har det veldig bra no som det er sommarferie og fri frå skulen. Kjekt å få tid til litt andre ting enn berre skule.


Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

Då hadde eg kjøpt meg ei hytte i Jotunheimen. Eg er svært glad i å gå på fjellet.


Når var du sist redd?

Eg er ikkje så ofte redd eigentlig. Eg blir meir nervøs enn redd, slik som før kampar.


Kva er du opptatt av?

Eg er mest opptatt av å spele volleyball, og trening generelt. Også er eg opptatt av å gjere det bra på skulen.


Når laug du sist?

Eg lyg ikkje så ofte. Eg seier som regel det eg meiner også får folk tole det eller ikkje.

Karoline Fauske frå Førde.

Karoline Fauske frå Førde. Foto:


Kven er ditt forbilde
?

Besta inspirerer meg fordi ho har opplevd så mykje, og ho er svært frisk i forhold til alderen.


Kva planar har du for sommaren?

I sommar skal eg til Portugal med familien, også skal eg vel trene resten av sommaren.


Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis - kva ville det vore?

Eg angrar på at eg valgte R-matte, for eg har funne ut at eg kun treng S-matte. Eg ville også brukt litt meir tid med vener ettersom det har blitt mykje trening og skule i det siste.


Kva er noko ingen andre veit om deg?

Det er ikkje så mange som veit kor mange gongar eg sjekkar vêrmeldinga. Eg er svært lei regn no.


Kva er din beste og verste eigenskap?

Min beste eigenskap er nok at eg er glad i å lære. Min verste eigenskap må vere at eg har eit svært stort konkurranseinnstinkt, men det kan vel eigentleg vere både bra og dårleg.

Legg til Firda Ung på Snapchat!

Legg til Firda Ung på Snapchat!

Artikkeltags