1. mars er søknadsfristen for vidaregåande skule. Dina (15) har bestemt seg for kor ho vil gå

SKAL GÅ PÅ DENNE SKULEN: Dina Bovim (15 år) har vald studiespesialisering på Flora VGS

SKAL GÅ PÅ DENNE SKULEN: Dina Bovim (15 år) har vald studiespesialisering på Flora VGS Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

UTDANNING: I heile Norge gjer 10.-klassingar eit val som har mykje å seie for dei neste tre åra. Dina, Rune og Silje Mari har alle bestemt seg.

DEL

Dina Bovim (15 år) har valt studiespesialisering på Flora VGS. Ho er sikker no, men det var ho ikkje før.

– Eg har tenkt mykje. Det er fleire ting som eg ønsker å gjere vidare, det hadde vore kjekt å gå musikk, dans eller drama på Sandane eller andre studielinjer andre plassar i fylket. Men eg tenkte mykje og kom fram til at eg vil gå studiespesialisering i Flora. Då får eg bu heime, og så trur eg dette er den linja eg får mest ut av, seier ho.

Dina fekk mange ulike råd frå lærarar og andre som hadde meiningar om kva linje ho burde velje.

– Eg høyrde ofte at ein burde ta yrkesvegen, sidan det er desse yrka som kjem til å vere aktuelle dei neste åra, og ikkje yrke som krev studiekompetanse. Eg vil råde andre til å tenke over kor dei vil like seg best. For meg var det studiespesialisering, men dette gjeld kanskje ikkje alle.

Ser fram til yrkesfag

Rune Opheim Husebø (15) har også valt linje. Han skal gå den yrkesfaglege linja Teknikk og industriell produksjon i Florø.

– For meg tok det ikkje lang tid å tenke. Eg skal gå TIP. Eg likar å bygge og det å jobbe praktisk. Ikkje så god teoretisk. For meg var dette veldig enkelt, sidan eg ikkje likar å sitte stille bak ein pult, men heller vere meir fysisk aktiv.

På TIP jobbar ein med maskiner, køyretøy, kjemiske prosessar og det som har med industri å gjere. Der kan ein bli alt frå bilmekanikar og sveisar til gullsmed eller yrkessjåfør, alt etter kva slags fag ein går vidare på i andreåret.

– Til meg sa forskjellige folk at eg kjem til å ha det kjekt, lære mykje og få gjere det eg likar. Og det trur eg. Til dei som ikkje har søkt, søk! Elles er kjem du ikkje inn til hausten. Og vel noko du vil drive med dei neste åra, seier han.

– Helsefag var perfekt for meg

Silje Mari Sundal (15) har alltid likt å jobbe med born og eldre, for ho passa linja helse.

Silje Mari Sundal (15) frå Florø.

Silje Mari Sundal (15) frå Florø.

 

– Eg har høyrt at visst eg likar å jobbe med ungar og eldre, burde eg ta helse. Eg er ikkje så stor fan av å jobbe med fag som naturfag og matte, så helse var perfekt for meg. Eg har fundert litt på om eg ville flytte til andre stader i fylket, men eg likar meg veldig godt her i Florø, seier ho.

Silje Mari meiner det til sjuande og sist handlar om å velje noko ein trur er kjekt.

– Eg meiner at ein må velje ei linje der ein sjølv passar inn, der ein kan få vere med vennar, lære og ha det kjekt. Om du likar å jobbe med naturfag, matte, norsk, idrett, eller elektro, så sats på det du likar, seier ho.

Artikkeltags