Gå til sidens hovedinnhold

Slik finn du hybel

Liv Nansy, Matias og Hans Kristian gir sine beste tips

Artikkelen er over 5 år gammel

Bruk sosiale medium og ver tidleg ute. Liv Nansy, Matias og Hans Kristian gir sine beste tips.

Hausten er her snart, og eit nytt skuleår skal starte. Bur du i god avstand frå skulen, er det kanskje lurt med ein hybel. Har du ikkje funne ein endå? Her er tips frå hybelbuarar i Førde.

Bruk kontaktar

Liv Nansy Aalen Mikalsen (17) kjem frå Kvammen og har budd på hybel i Førde i snart to år.

– Venninna mi som eg bur med, har ei mor som kjende ei som leigde ut ein hybel. Ofte er det lettast å bruke kontaktane sine og spørje kjende om dei kjenner nokon, seier Liv Nansy.

Bustipend

  • Du kan ha rett på bustipend på 4261 kroner i månaden frå Lånekassen, viss du må bu borte frå foreldra dine.
  • Bustipendet er ikkje avhengig av foreldra dine sin økonomi, og kjem i tillegg til eventuelle andre lån og stipend du kan ha rett til.
  • Viss avstanden mellom foreldreheimen og skulen er fire mil eller meir kvar veg, har du rett til stipend.
  • Det gjeld og viss avstanden er kortare, men reisetida likevel er minst tre timar tur-retur kvar dag.
  • Særskilte forhold av personleg eller sosial karakter som gjer at du ikkje kan bu heime, kan gi deg rett på stipend.

Kjelde: Lånekassen.no

 

Ho betaler 3000 kroner i månaden, og meiner budsjettet går fint.

– Det største problemet er å halde hybelen ryddig, seier ho.

Leita på Facebook

Hans Kristian Holthe (16) frå Kalvåg og Matias Skjølberg (16) frå Bremanger bur på hybel i lag i Førde. Dei betaler 4500 kroner kvar og har budd i lag i snart eitt år.

– Vi gjekk rundt og spurde mange om dei visste om ledig hybel til leige. Vi såg først på finn.no, og så spurde vi på ei Facebook-side. Vi spurde også folk som kom frå Førde. Til slutt fann vi hybel via mora til ein kompis, fortel dei.

– Ver tidleg ute

Julie Førde jobbar som eigedomsmeklarfullmektig i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Det er aldri dumt å vere tidleg ute på hybeljakta, ein kan til dømes legge ut ein annonse i «Kjøp og sal»-gruppene på sosiale medium, tilrår Julie.

Ho føreslår å bruke sider som hybel.no under hybeljakta.

– Viss du har nokre kjenningar som skal flytte ut frå ein hybel, så kan du spørje om du kan flytte inn, seier ho.

Kommentarer til denne saken