I kategorien «Open klasse» var det Firda som stakk av med prisen for reportasjeserien «Huset som aldri søv».
Eit døgn var firda.no eit levande sjukehusbesøk. Ein gong i timen gjennom eit heilt døgn publiserte Firda ei sak frå ulike avdelingar og møte med ulike personar på sjukehuset. På publiseringsdagen vart sakene lagt ut på nøyaktig same tidspunkt som kvar av historiene vart henta inn.
– Det er veldig stas å få pris. Det er kjekt å sjå at eit prosjekt vi hadde mål om lenge og la så mykje arbeid i over såpass lang tid, fekk så god respons og vart sett pris på. Bokstaveleg talt. Det var vanvitig mykje bra som vart laga på kryss og tvers av heile Sogn og Fjordane, så å vinne denne var gjævt, seier nyheitsredaktør i Firda, Øystein Silde Frønsdal.
I grunngjevinga frå juryen får arbeidet særleg skryt for imponerande heilskapsinntrykk der både god bruk av bilde og video og gode skildringar blir trekt fram.
– Det er ekstra kjekt at den saka som vann ikkje var ein enkeltpersonsprestasjon, men eit prosjekt mange har vore med på. Dette er heile redaksjonen sin pris, understrekar Frønsdal.
Fekk heiderleg omtale
Dette var ikkje det einaste Firda stakk av garde med frå prisfesten.
Firda-journalist Ole Johannes Øvretveit fekk heiderleg omtale for artikkelserien om Eide i Hyllestad og portrettet av Helge Segrov.
Også graveprosjektet «Guddal-mysteriet», som Firda-journalistane Amalie Røstbø, Ingeliv Aadland og Vilde Ferah Molven stod for, tok imot blomsterbukett og heiderleg omtale.

– I Guddal finst ei skattkiste
Prisen for «årets nyheitssak» gjekk til Morten Sortland i Sogn Avis for ei sak om omsorgssenteret i Årdal. Gunnhild Sindre frå Fjordingen, stakk av med prisen «Årets reportasje» for reportasjen om Per Ytre Eide som mista heile familien sin i ei ulykke, og livet etter dette. «Årets foto» gjekk til Lasse Styve Andersen i porten.no.

Natt etter natt sit Helge Segrov og grublar. Har ikkje teikna på over eit år
