Førde-ungdommen ser seg over skuldra på date

Malin Torsheim (20), Trygve Sæten Nilsen (17) og Sebastian Løvik Kjær (17) ser både fordelar og bakdelar ved å kjenne "alle" i kullet i heimbyen.

Malin Torsheim (20), Trygve Sæten Nilsen (17) og Sebastian Løvik Kjær (17) ser både fordelar og bakdelar ved å kjenne "alle" i kullet i heimbyen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Vi har snakka med tre ungdommar frå Førde og Florø om korleis du skaffar deg kjærast i små byar.

DEL

– Eg hadde aldri seriøse forhold mens eg budde i Førde, og vil nesten påstå at ein må ut av fylket for å finne det.

Malin Torsheim (20) frå Førde går på sjukepleiarhøgskulen i Porsgrunn, og den noverande kjærasten frå Larvik møtte ho på eit Ten Sing-kurs i Møre og Romsdal.

– Då eg gjekk på VGS i Førde var ærleg talt inntrykket mitt at dei aller fleste anten ikkje var interessert i kjærast, hadde det allereie eller hadde gitt opp fullstendig. Skulle du vere heldig å finne deg nokon så gjekk det ikkje lang tid før alle visste om det, og forholdet fekk dermed ikkje vere i fred.

Hennar inntrykk er at det ofte er vanskeleg å finne ein lokal kjærast dersom du er fødd og oppvakse på staden.

– Det er kanskje lettare som innflyttar, men når du har budd her heile livet kjenner alle til kvarandre og har gjerne eit inntrykk frå før av om korleis du er som person. Det ligg ofte ein del fordommar der.

Malin Torsheim (20) opplever at medelevane hennar på høgskulen er meir modne og framoverlente på dating-fronten.

Malin Torsheim (20) opplever at medelevane hennar på høgskulen er meir modne og framoverlente på dating-fronten. Foto:

Malin nemner også at det kan vere vanskeleg å møte nye folk utanfor vennekretsen, blant anna fordi det er få møtestadar for VGS-elevar. Mens ungdomsskulen har Løa, møtes gjerne dei eldre ungdommane på byen eller på heimefestar. Og då er det ikkje alltid at kjærleiken varer lengre enn ein kveld.

Lite skeivt utval

Sebastian Løvik Kjær (17) frå Førde møter stort sett nye folk gjennom felles venner eller på arrangement.

– Eg er einig i at det kan vere vanskeleg å finne ein du likar på ein liten plass, men den avgrensa mengda folk har også sine fordelar. I store byar er det så mange å velje mellom at du kanskje alltid vert gåande og tenke at neste person er den som er riktig for deg.

Sjølv kunne han velje og vrake i jentekjærastar opp til 7. klasse, men då han innsåg at han var homofil vart det eit mykje meir avgrensa utval.

– Det er ein veldig liten prosentdel av Førde si befolkning på min alder som har stått fram som homofil. I likskap med mange andre synest eg det hadde vore fint med kjærast, men eg er heldigvis langt ifrå desperat, seier han.

For Sebastian Løvik Kjær (17) var det ei nyttig erfaring å date jenter på barneskulen. Det gjorde han meir sjølvsikker når han sto fram som homofil.

For Sebastian Løvik Kjær (17) var det ei nyttig erfaring å date jenter på barneskulen. Det gjorde han meir sjølvsikker når han sto fram som homofil. Foto:

Ofte startar forholdet med ei Facebook-melding, som kanskje deretter utviklar seg til bildesamtalar på Snapchat. Men kor drar ein dersom ein først har fiksa seg ein date?

– Det blir gjerne kafé eller Peppes. Kinodate er utdatert, det blir aldri som du ser på film. Minuset er at du alltid møter nokon du kjenner når du går ut i byen, og for min del er eg nervøs for at mamma kan vandre forbi berre eg er på kafé med venner, innrømmer Sebastian.

Det har også Malin erfaring med.

 – Det er ikkje uvanleg at du har blitt godt kjent med ein person på sosiale medium, men når du møter dei offentleg er det som om dei har maske på ansiktet og oppfører seg som om de aldri har snakka saman før. Folk har eit image. Dei er gjerne del av ein gjeng og ønsker å behalde det bildet dei har skapt for andre. Så viss du kjem til skade for å verte observert i hyggeleg selskap av gjengen, kan du vente deg omfattande utspørjing etterpå, seier ho.

Meir kjærleik med alderen

No når ho har begynt på høgskule er kvardagen ein annan. Malin fortel blant anna om ei venninne som starta med eit mål om å nyte singellivet, men allereie etter fadderveka fann ho ein som ho no har vore saman med i eitt år.

– Det er noko med at det er så mange på skulen, og dei aller fleste kjenner ingen når dei begynner. Du får ein heilt ny start, dessutan er du gjerne meir moden. Eg har faktisk fått høyre nokon seie «kven gidd å komme på høgskule med kjæraste?". Med andre ord er det mykje enklare.

Ho påpeikar at det også finst mange som har kjæraste på vidaregåande, men at forholdet gjerne er meir kortvarig enn seinare i livet.

– Mange synest det er langt med ti timar i buss for å treffe kjæresten, men det går fort når eg søv, seier Trygve Sæten Nilsen (17).

– Mange synest det er langt med ti timar i buss for å treffe kjæresten, men det går fort når eg søv, seier Trygve Sæten Nilsen (17). Foto:

Trygve Sæten Nilssen (17) frå Florø opplever at stadig fleire i vennegjengen får kjærast når dei vert eldre.

– Eg aner ikkje om folk finn kjærleiken gjennom Tinder. Eg kjenner i alle fall ingen som har det. Eg trur mange tar ting som det kjem, det er sjeldan at mine jamaldrande er på aktiv kjærleiksjakt.

Han meiner det ikkje er så problematisk å få kjærast på heimstaden, men sjølv er han i eit langdistanse-forhold med ei frå Trondheim.

– Det er kjipt at vi bur så langt frå kvarandre, men det har faktisk gått betre enn venta. Det gjer at det er ekstra bra når vi først er saman. Men det at eg ikkje har kjæraste frå Florø har meir med personen å gjere, ikkje byen. Likevel trur eg det stemmer at mange forhold skjer utanfor heimbyen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken