«Angst er skremmande vanleg, ikkje berre hos ungdom»

–Skam er så truverdig og verkeleg at det nesten er skummelt. Mykje av det som skjer i serien, skjer også på ekte, skriv Matilde Ulleland Kvammen.

–Skam er så truverdig og verkeleg at det nesten er skummelt. Mykje av det som skjer i serien, skjer også på ekte, skriv Matilde Ulleland Kvammen. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Matilde Ulleland Kvammen (18) synest Skam er så truverdig og verkeleg at det nesten er skummelt. Les hennar kommentar.

DEL

FIRDA UNG-KOMMENTAR NRK-serien Skam har tatt Norges befolkning med storm, inkludert meg sjølv. Eg sjekkar nettsida minst ein gong i timen for å sjekke om det er komme noko nytt.

Skam har gjennom to sesongar tatt opp mange viktige og mindre viktige problem som er «vanlege» hos ungdom. Kjærleik, forhold, kroppspress, baksnakking og no i det siste, seksuelt overgrep. Serien ber også med seg nyttig lærdom, og viser måtar ein kan takle utfordringar på.

Skam har skaffa seg eit stort publikum i alle aldrar, og med det kjem makta til å kontrollere kva vi ser. Den makta brukar dei heilt riktig i mine auge.

Dette er Skam

Nettserien Skam følger Noora og resten av gjengen gjennom førsteklasse på Nissen vgs i Oslo.

Skam er ein dramaserie og alle karakterane er fiktive. Serien er laga av NRK.

Kvar veke følger over 600.000 tilhengarar med på kva som skjer i snuttane som blir lagt ut på nettsida.

For nokre veker sidan blei serien kåra til beste nye programserie, beste tv-drama og årets nyskaping under Gullruten. At dei set lys på seksuelt overgrep, tykkjer eg fortener endå ein Gullruten-pris.

Det er svært bra at dei tek opp slike tema, både for å skape mindre tabu, men også slik at folk kan kjenne at dei ikkje er åleine. Skam skaper diskusjon, og fleire som har hatt eteforstyrringar eller blitt utsett for seksuelt overgrep, vågar å stå fram med det. Skam syner at ikkje alt er like perfekt som det ser ut, og at livet byr på utfordringar i bøtter og spann, men det er ikkje umogleg å overkomme dei.

Matilde Ulleland Kvammen (18) er journalist i Firda Ung.

Matilde Ulleland Kvammen (18) er journalist i Firda Ung. Foto:

Angst er skremmande vanleg, ikkje berre hos ungdom. Sjølv om det er så vanleg, er det framleis eit tabu å snakke om. Noora har i dei siste episodane gjennomgått noko vanskeleg, som har gitt ho angst. Den har ikkje blitt betre av å låse seg inne på rommet, og ved å legge skjul på at noko er gale. Det augneblikket ho fortalde vennane sine om kva som hadde skjedd, vart ho mykje betre. Det å prate med nokon er i dei fleste tilfelle bra. Det kan vere svært godt å opne munnen, og prate om det som er vanskeleg i livet. Kanskje veit den du pratar med akkurat kva du snakkar om.

Serien viser også at forhold i ung alder ikkje er så lett. Sjølv om utfordringane Noora og William har møtt på er litt uvanlege, kjem bodskapen tydeleg fram. Det er ikkje lett å vere forelska når du er ungdom. Det er så mykje som skjer i livet ditt, så mykje som endrar seg. Når du blir forelska berre legg du til fleire kjensler, i ein stor haug av forvirring og meir ukjente kjensler.

Foto:

Eg seier ikkje at det er forferdeleg, men når ein er i ein stor utviklingsprosess så kan den ta ein ny veg. Det kan vere at du ikkje heilt veit kven du er, og når du treffer på ein gut så prøver du å vere slik han vil at du skal vere. Sjølv om du er usikker, skal ikkje du forandre deg for nokon. Gjer ting du likar, gå med kle du likar. Du blir ikkje lykkeleg av å gjere det andre vil du skal gjere.

Skam er så truverdig og verkeleg at det nesten er skummelt. Mykje av det som skjer i serien, skjer også på ekte. Livet kan vere drit til tider, og det kan vere fantastisk. Og om det er drit, så er det viktig å hugse på at det blir betre. Eg veit det er vanskeleg å tenke sånn når ein er nede for teljing, men det kan ikkje skade å prøve. Det blir i alle fall ikkje verre.

Les også Massoma (18) sin kommetar: – Norge er fattigare enn vi trur

Les fleire saker frå Firda Ung her.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken