SUKSESS: Anna Naustdal og Vilde Hjelle har gjort stor suksess etter at dei vann MGPjunior i 2016.
Nils Jakob Bakke Nydal

Denne bevegelsen må dei gjere før dei går på scena

Vilde Hjelle (14) og Anna Naustdal (13) frå Nordfjordeid skulle ønske at dei kunne opplevd MGPjunior ein gong til.
Publisert

Korleis går det?

Det går bra! Fint! Greitt!

Kva ville de gjort med 10 millionar kroner?

Anna: Eg ville kjøpt meg eit hus!

Vilde: Eg ville spart dei og brukt dei på eit hus seinare.

Anna: Ja, og så ville eg kjøpt meg ein tiger som skal heite Pusekatt!

Kva har gjort dykk redd i det siste?

Anna: Då eg såg ein edderkopp. Han var ekkel og eg likar rett og slett ikkje edderkoppar.

Vilde: Eg trur faktisk det var då ein såg ein edderkopp som låg i senga mi for litt sidan.

Når laug de sist?

Vi lyg ikkje så mykje, vi likar best å vere ærlege, bortsett frå når vi har ete godteri då. Då ristar vi mykje med hovudet, medan munnen er full i godteri.

Kven er forbildet dykkar?

Vilde: Selena Gomez!

Anna: Eg kan seie Justin Bieber, men då lyg eg. Eg ser jo opp til fleire, men eg har liksom ikkje lyst til å bli dei personane, eg vil heller bli eit forbilde sjølv.

Viss de kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Å få opplevd MGP junior på nytt, ikkje for å gjere noko annleis, berre å gjere det på nytt. Vere på MGPjr-campen, og å få treffe alle folka igjen.

 

 

Kva er det siste mobilbildet de har tatt?

Vilde: Eg tok nettopp bilde av lydprøven til Janove Ottesen.

Anna: Eg har ein screenshot av eit bilde frå ein klassetur som eg og min nye 8.klasse har vore på.

Tada!

Tada! Foto:

 

Fortel noko ingen veit om dykk

Vi har ingenting å skjule. Vi viser heile oss når vi er på scena. Vi er eigentleg berre vanlege folk, eller litt uvanlege, men vanlege.

Kva har vore den beste opptredenen til no?

Malakoff! Vi tenkte aldri at vi skulle få opptre på den store scena, som vi har vore tilskodarar til kvart år. Det var sjukt kjekt!

Før de skal på scena, har de ein måte å få opp energien på?

Vi gjer alltid ein litt sånn rar bevegelse kvar gong vi skal til å gå på scena. Den har vore viktig for oss.

 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken