Vi treng tre nye til Firda Ung!

Artikkelen er over 3 år gammel

Firda Ung-redaksjonen treng tre nye ungdommar mellom 15 og 19 år.

DEL

Viss du synest journalistikk, foto og video verkar spennande, er dette ei god moglegheit til å få prøve deg som journalist. Vi gir nødvendig opplæring og rettleiing undervegs. Erfaring er ikkje nødvendig.

Det er ein fordel om du har moped- eller billappen, men det er ikkje nødvendig.

Firda Ung-gjengen møtest ein gong i veka der vi finn ut i lag kva vi vil skrive eller lage videoreportasje om den neste veka.

Vil du bli ein del av vår ungdomsredaksjon? Send ein epost til redaksjonsleiaren Cecilie på cecilie.rysjedal@firda.no der du fortel litt om sjølv.

Lurer du på noko? Send ein epost eller ring Cecilie på 908 27 219.

Søknadsfrist er 1. mars.

Du får betalt etter avtale. Intervju blir gjort fortløpande etter søknadsfristen.

Ser fram til å høyre frå DEG! :)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken