Sjå kven som vann burgertesten til Firda Ung

LUKKA AUGE: Testen vart gjennomført med lukka auge av panelet.

LUKKA AUGE: Testen vart gjennomført med lukka auge av panelet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Burger King var kongen av den uhøgtidlege burgertesten, til testarane si forbausing.

DEL

I blindtesten blei det kjøpt ein vanleg hamburger med bacon, ost og alt av grønt på. Vi testa ikkje restaurantburgerar, men testa stader med kjapp servering: Best, Circle K, Esso, Abas Inn, Burger King og Førdekroa.

Panelet bestod av Vilde Sørbotten Johansen, Nils Jakob Bakke Nydal og Ivar Bruvik Sætre.

Ingen av testarane har gastronomutdanning eller erfaring med mattestar. Men alle var svoltne og hadde lukka auge under testen.

Testpanelet gav kvar sin karakter frå 1-6. Slik blei resultatet:

Førdekroa: 2, 4, 4

Best: 5, 5, 4.5

Burger King: 5, 5, 5.5

Esso: 3, 3, 3

Circle K: 2, 5, 4.5

Abas Inn: 4, 5, 5

At Burger King kom øvst, var det ingen av testarane som hadde trudd. Men den gjorde altså det. Burgeren frå Best blei nest best. Deretter gjekk 3.-plassen til Abas Inn.

Burgertesten i sin heilskap ligg på storyen til Firdaung på snapchat.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken