Elliot Haukås (12) gler seg blandt anna til å begynne på ungdomsskule.
TAGS: 10 kjappe,firda ung,ungdom,barn,leik
Martha Linnea Pukallus

Elliott lurer på korleis det skal bli å få karakterar for første gong

Elliott Haukås (12) er klar for ungdomsskule, sjølv om han innrømmer å ha dårleg hukommelse.
Publisert

Korleis har du det?

– Eg nyt sommaren, og har vore i England og Italia på ferie. Trudde eg skulle til Danmark også, men fann nettopp ut at dit skal eg visst ikkje vere med.

Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

– Eg ville ha prøvd å spare til å kjøpe bil. Men eg er ikkje så god til å spare, så eg hadde truleg brukt pengane på godteri og spel. Har eg pengar ender eg som regel opp å bruke dei.

Når laug du sist?

– Det var eit vanskeleg spørsmål. Ikkje fordi eg er så ærleg, men eg er veldig dårleg på å huske ting.

Kven er forbildet ditt?

– Rallykøyrar Petter Solberg. Eg likar bilar og rally veldig godt, og har litt lyst å bli rallysjåfør. Eventuelt vil eg bli mekanikar.

Kva er forholdet ditt til mobilen din?

– Eg bruker ikkje sosiale medium så mykje, mindre enn visse andre i vennegjengen i alle fall. Men mobilen er stort sett med når eg går ut av huset, slik at eg kan ringe venner og halde mamma oppdatert.

Den lilla veggen er arva frå storebroren, då dei fekk lov å velge fargar sjølv.

Den lilla veggen er arva frå storebroren, då dei fekk lov å velge fargar sjølv. Foto:

Siste du googla?

– Sparebanken si nettside. Mobilbanken min fungerer ikkje så eg må logge inn via nettlesar. Eg var på veg mot kinoen for å sjå den nye Spiderman-filmen, og ville vite kor mykje pengar eg hadde å bruke på godteri.

Når var du sist redd?

– For ei stund sida gjekk eg langs bilvegen med ein venn. Plutseleg køyrde ein bil med 18–20 åringar forbi og ropte høgt for å skremme folk. Eg vart ikkje akkurat redd, men eg vart overraska.

Er det noko du angrar på å ha gjort?

– Det er ein episode der eg triksa rundt ved betongplattforma ved Viking for 2–3 år sida. Trikset eg prøvde på gjekk gale, og eg enda opp å chippe den eine tanna.

Bortsett frå ferieturar har sommardagane gått til å spele spel om morgonen, sykling og venner om dagen og TV om kvelden.

Bortsett frå ferieturar har sommardagane gått til å spele spel om morgonen, sykling og venner om dagen og TV om kvelden. Foto:

Fortel ein ting ikkje alle veit om deg?

– Eg har ein lilla vegg på rommet. Når vi først flytta hit fekk eg og broren min velje farge på ein av veggane. Eg valde blå, og han lilla, men seinare har vi bytta rom. No liker eg også lilla ganske godt, men det er ikkje noko eg tenker mykje på lenger.

Kva stort skjer i livet ditt?

– Eg skal begynne på ungdomsskule til hausten. Eg har aldri begynt på ny skule før, så det er eg veldig spent på. Det blir nok litt rart, men eg gler meg også. Mest lurer eg på korleis det bli å få karakterar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken