Gå til sidens hovedinnhold

Firda seier ja til Nynorskhuset

Firda har måndag hatt styremøte. Der blei det bestemt at dei skal signere husleigeavtale.

«Styret godtek siste tilbod frå Handelshuset AS og tilrår at administrasjonen går vidare i sluttforhandlingar og signerer husleigeavtale.»

Dermed er det klart at NRK, Teater Vestland og Firda alle flyttar inn i det nye Nynorskhuset, som blir plassert mellom Handelshuset Nord og Firda billag.

Les også

Både teateret og NRK seier ja til Nynorskhuset: – Dette er historisk!

Både NRK og Teater Vestland har tidlegare vedteke å inngå leigekontrakt. Det er Handelshuset AS som skal bygge og eige Nynorskhuset.

Det er venta at huset vil vere klart til innflytting i 2023.

Les også

Lyrikar frå Naustdal fekk gjæv pris

Kommentarer til denne saken