Fredag kveld vart avisa kåra til «Årets lokale nyheitsnettstad» under Mediebedriftenes Landsforening si prisutdeling.

Havnen tok imot prisen saman med ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen, som begge var til stades under prisutdelinga på Vulkan Arena i Oslo.

– Mange år som sunnfjording har lært meg at eg ikkje skal ta for hardt i, men dette er rett og slett utruleg kjekt, seier Pedersen.

Firda vann prisen i sterk konkurranse med Fædrelandsvennen (Kristiansand) og Budstikka (Asker/Bærum).

– Ei anerkjenning

– I fjor då vi vart kåra til årets mediehus i Amedia vart eg nesten tatt litt på senga, men i år flaug eg til Oslo på prisutdeling med godkjensla på plass. Dei skal jammen ha jobba hardt dei som er betre enn oss, tenkte eg, seier Pedersen.

Dette er juryens grunngjeving: «Avisa boksar over sin eigen vektklasse og leverer ein nyheitsnettstad med ein tydeleg strategi som gir gode resultat utan å miste særpreg. Avisa spelar på heile laget, og har klokketru på eigen strategi for å nå yngre målgrupper. Det osar av begeistring og pågangsmot. Alle andre lokalaviser bør sjå og lære av Firda. Bravo!»

Utviklingsredaktør Havnen seier at prisen er ei anerkjenning av den jobben som blir gjort i avisa.

– Vi jobbar på kvar einaste dag, året rundt for at Firda.no skal gi lesarane det beste lokale innhaldet vi kan. Det er hard jobbing, så då er det veldig, veldig kjekt å få ei slik anerkjenning. Det er ein stor klapp på skuldra til alle i Firda, seier ho.

Målretta satsing

Pedersen oppgir at ei målretta satsing på unge, kvinnelege kjelder er ei viktig årsak til at Firda no kan kalle seg den beste lokale nyheitsnettstaden i landet.

– Redaksjonen i Firda jobbar knallhardt med dette kvar einaste dag. At dette blir lagt merke til i nasjonal målestokk er veldig kjekt og gir oss nye krefter til stå på vidare, seier redaktøren.

Les også

– Lesarane veit at når det skjer noko verkeleg viktig, då er Firda der