– Dette er tal vi er svært nøgde med, og det viser at vi satsar rett. Vi jobbar kvar dag med å gje våre digitale lesarar fleire gode grunnar til å lese Firda. Vi skal vere best på rykande ferske nyheiter, såkalla «breaking news». I tillegg skal vi vise fram dei gode historiene i dekningsområdet vårt.

Det seier ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen i Firda.

Onsdag vart Mediebedriftenes Landsforenings (MBL) sin Forbruker & Media-undersøking sleppt. Den viste at Firda har fått 585 fleire lesarar på avisa sine digitale flater.

I første kvartal i 2022 hadde Firda 25.585 digitale lesarar. Då 4. kvartal var over, var dette talet auka til 26.170. Totalt hadde Firda 33.818 lesarar ved utgangen av året.

Og det er mobil som desidert flest nyttar når dei les avisa. 21.278 av dei 25.585 digitale lesarane til Firda nytta mobilen.

– For dei kan det vere nyttig å installere Firda-appen. Om dei har den på mobilen, vil dei få varslar kvar gong vi har rykande ferske nyheiter, seier Pedersen.

Her kan du laste ned Firda-appen.

I 1. kvartal av 2022 var 39 prosent av Firda sine lesarar under 40 år. I fjerde kvartal var dette auka til 43 prosent.

– Det er ei stor utfordring for alle mediebedrifter å nå ut til unge lesarar. Difor er det svært gledeleg å sjå at vi veks i denne målgruppa, seier Pedersen.