Duoen Ken André Ottesen, betre kjent som BAdesKen, og komikar og manusforfattar Paul Håvard Østby, som for tida er aktuell med showet Urbane totningar på Chat Noir, skal lage ein ny nettserie for Amedia til hausten. Firda Media er heileigd av Amedia-konsernet.
Konseptet er basert på Ottesens Instagram-konto, der han dagleg presenterer små og store saker frå lokale medium i Norge for ei stor følgarskare.
– Sjåarane kan forvente seg eit kjendisfritt og underhaldande skråblikk på dagens Norge. Vi skal løfte fram fine, rare og morosame avissaker om helt vanlege menneske som hamnar i uvanlege situasjonar. Ingen blir stemt ut og ingen skal krangle. Det blir reisereportasjar, kåringar, konkurransar og mykje tullball. Serien er ein godhjarta flik av verkelegheita, slik den er for dei aller fleste av oss. Den er av folket, med folket, for folket, seier Ottesen.

Badesken meiner Førde er episenteret for raringar i Norge. Så møtte Simon desse to på danskebåten
Amedia satsar på nytt konsept
Førebels har mykje av Amedia sitt videoinnhald omhandla sport og vore tilgjengeleg utelukkande for abonnentar. BAdesKen vil derimot vere annonsefinansiert, og ope tilgjengeleg med reklame. Serien har premiere i september.
– Video er eit viktig satsingsområde for oss i Amedia, og det er eit format som er svært etterspurt av annonsørar. Konseptet til Ken er ei viktig satsing for Amedia Salg og Marked på vegen mot å nå vår ambisjon om å bli Norges mest attraktive annonseplass, seier Hilde Norddal, konserndirektør for Amedia Salg og Marked, og legg til:
– Samarbeidet med BAdesKen blir dessutan nyttig læring for oss rundt eit slikt type underhaldningskonsept. Vi i Amedia jobbar heile tida for å vinne kampen om tida til særleg dei yngre mediebrukarane.

Då Simon (30) omsider begynte i rett jobb, blei han raskt best i klassen
Tar for seg det beste frå den lokale nyheitsveka
Jostein Larsen Østring, konserndirektør for nyheiter og abonnement, er glad for å kunne tilby dette innhaldet til alle Amedia sine aviser og partnaraviser.
– Ken André Ottesen sine blinkskot har vore diskutert i mange redaksjonar i Amedia. Mange av våre aviser synest det er stor stas når han tar tak i egne saker og titlar, i tillegg til at han har fått eit stort publikum også utanfor redaksjonane, i hele Norge. Nå får avisene moglegheit til å publisere ei vekentleg sending i 14 veker i haust, det gleder vi oss til, seier Østring.
Ottesen fortel at det følast naturleg å utvide BAdesKen til eit TV-format, og at dei i kvar episode vil ta for seg det beste frå nyheitsveka i Noregs lokalaviser.
– Eg hadde 18 lykkelege år som lokalavisjournalist i Amedias aviser. Eg har eit veldig nært og sterkt forhold til lokalaviser, så det var helt naturleg at vi søkte samarbeid med landets største eigar av lokalaviser. I serien skal vi vise at Norge ikkje berre er verdas beste land, men også det morosamste. Heldigvis er det mange herlege, vanlege, morosame folk i dette landet, seier Ottesen.
Ken André Ottesen kjem til Førde med showet sitt 24. mars.
Firda er favorittavisa hans
