Firda billag held eitt minutt stille for sjåfør som omkom i ulykke

STILLE: Bussar og anna kollektivtransport vil stå stille i eitt minutt kl. 13 på fredag.

STILLE: Bussar og anna kollektivtransport vil stå stille i eitt minutt kl. 13 på fredag. Foto:

Fredag 3. juli blir det arrangert ei minnemarkering med eitt minutt stille i anledning av bussjåføren i Tide som døydde etter ulykka på Sørås i Bergen tidlegare i juni. 

DEL

Det er Busselskapet Tide Buss og selskapets tillitsvalde og verneombod har tatt initiativ til minnemarkeringa, i samarbeid med oppdragsgivar Skyss/Kringom og andre kollektivselskap i fylket.

– Vi ønsker med denne markeringa å minnast ein god og kjær sjåfør som døydde mens han utførte ein viktig jobb for samfunnet, og på denne måte vise vår siste helsing og respekt for han og alle pårørande etter ulykka, seier konsernsjef Roger Harkestad i Tide, Trude Valle, hovudtillitsvald for Yrkestrafikkforbundet i Tide, Kenneth Sveen, hovudtillitsvald for Fellesforbundet i Tide og Pål Stange som hovudverneombod i Tide i ein felles utsegn.

Første dødsulykke i overskodeleg fortid

Markeringa vil gå føre seg ved at bussar og bybaner i rute ein gong mellom kl. 13.00 og kl. 13.05 fredag den 3. juli, køyrer inntil næraste tilgjengelege haldeplass. Motoren slåast av og passasjerar blir informert om kva som skal skje. Ønsker passasjerar å stige av buss eller bybane kan dei gjere det før dørene lukkes, og det blir eitt minutts stille. Deretter vil føraren umiddelbart ta opp att ruta på normalt vis.

– Tide Buss si historie går tilbake til 1880, og det er første gong i overskodeleg fortid at ein av våre medarbeidarar har omkomme som følge av ei ulykke som inntrefte mens vedkommande var på jobb. Dette var like fullt ei ulykke for mykje, for vi har ingen å miste i trafikken. Dødsfallet har prega ein heil yrkesgruppe. Vi håper dette blir ein fin og verdig markering for å minnast og sørgast de omkomne, der vi også oppmodar reisande til å delta dersom dei ønsker, seier Harkestad, Valle, Sveen og Stange vidare.

Følgande kollektivselskap i Vestland fylke skal delta i markeringa:

Tide Buss, Firda Billag, Keolis, Modalen Eksingedalen og VY Buss.

Artikkeltags