Firda billag hadde lavaste anbodet på Sunnfjord-rutene

BILLEGAST: Firda Billag ligg godt an til å vinne anbodet på bussrutene i Sunnfjord og omegn.

BILLEGAST: Firda Billag ligg godt an til å vinne anbodet på bussrutene i Sunnfjord og omegn.

Artikkelen er over 3 år gammel

Tre busselskap konkurrerer om å levere busstenester i Sunnfjord og deler av Nordfjord og Sogn.

DEL

Firda Billag, Tide Buss og Nettbuss ønskjer å drive bussrutene i kommunane Gloppen, Jølster, Førde, Naustdal, Flora, Bremanger, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund, Gulen, Høyanger og Balestrand.

Sogn og Fjordane fylkeskommune opna i dag tilboda på drift av rutene som gjeld frå 20. juni 2016 til 18. juni 2024, med opsjon på forlenging på inntil to år.

– Vi er fornøgde med at det er tre aktørar som ønskjer å køyre rutene i dette anbodsområdet, seier seniorrådgjevar Øystein Hunvik i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Selskapa har levert slike tilbod

• Firda Billag 149,4 mill. kr pr. år

• Nettbuss 171,4 mill. kr pr. år

• Tide Buss 180,0 mill. kr pr. år

Før det blir avgjort kven som får kontrakten, skal fylkeskommunen gå gjennom og kvalitetssikre dei innkomne tilboda. Tildeling av kontrakt er planlagt til månadsskiftet april/mai, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.