Søndag morgon 14. oktober publiserte Firda ein artikkel om ei traktorulykke i Redal i Naustdal på firda.no. I artikkelen vart det på eit tidleg tidspunkt publisert bilde av traktoren i elva, det vart også publisert bilde av eigedommen der ulykka skjedde. Saman med stadnamn og opplysningar om at mannen som omkom var i 80-åra, var det mogeleg å identifisere den omkomne for familie og andre nærståande.

Det var Kjell Gjelsvik som miste livet i traktorulykka, som skuldast hjartesvikt. Oppslaget i Firda gjorde at deler av familien til Gjelsvik fekk sjå nære bilde av ulykka, og på denne måten også vart varsla om det som hadde skjedd gjennom media.

Firda beklagar dette. Vi er lei oss for den tilleggsbelastninga dette har medført.