Firda beklagar

DEL


Den 16.11 kom Firda i skade for å skrive at vindkraftselskapet Zephyr skal bygge ein 15 meter breid veg over eigedommen til Solveig Hatlestad Solås og Ove Hatlestad Solås.

Firda er no gjort merksame på at dette berre er grunnlaget for utrekning av kompensasjon til grunneigar, og at vegen vil vere omlag 5 meter breid når den står ferdig.

I same saka skriv Firda at advokatfirmaet Lund og co. representerer Zephyr. Dette er ikkje rett. Lund og co. representerer grunneigarlaget i fjellområdet.

Firda beklagar dette!

Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør Firda

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken