I saka om at Anders Torp vart kåra til Årets Ateist, som vart publisert på firda.no 1. oktober, skildrar Torp det han opplevde som årelang helvetesfrykt og demonutdrivingar i Oslokirka. Under tittelen «Pastorson kåra til Årets Ateist» fortel m.a Anders Torp at det har kosta han mykje å møte faren, pastor Jan-Aage Torp, til debatt i NRK1 og at han har har utvikla kompleks posttraumatisk stressyndrom som følge av traume han opplevde i barndommen.

I denne saka skulle pastor Jan-Aage Torp hatt tilsvar i same sak. Han seier til Firda at han opplever skuldingane frå sonen Anders som einsidige, og at han er ueinig i korleis Anders beskriv barndommen og livet i Oslokirka, og at han ønsker Anders alt godt!

Firda beklagar at Jan-Aage Torp ikkje fekk imøtegå skuldingane frå Anders Torp i saka som vart publisert 1. oktober.

Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør, Firda