Fine dagar i vente, og snøen er vi ferdige med

FINT: Måndag morgon er det ikkje det verste synet som møter ein om ein ser opp.

FINT: Måndag morgon er det ikkje det verste synet som møter ein om ein ser opp. Foto:

Det er berre å nyte måndag og tysdag.

DEL

– Det blir ei klar forbetring, seier meteorolog Kristin Seter på Meteorologisk institutt.

Etter ei tid med nær dagleg snøfall og kalde temperaturar, begynner meteorologane å spå noko som begynner å likne på vêr.

Sol

Seter fortel at det er enkelte små byer som luskar rundt på Vestlandet, men at desse er få. Utover måndagen blir vêret gradvis lettare.

– Det er framleis nordavind på måndag og tysdag, så det bli ikkje nokon sommarvarme. Men det blir ein del sol, spesielt tysdag. Det vil nok kunne følast ganske godt og varmt om du set deg i solveggen.

På onsdag blir det vind frå sør, som vil sørge for høgare temperaturar. Dessverre kjem det nedbør med på kjøpet.

Ferdig med annleis-tilstanden

– Men vi er ferdige med snø?

– Det er vel kanskje fare for nokre byer i dag, som vil komme som snø i høgda, gjerne 200–300 meter oppe. Men det blir ikkje mykje av det, litt dryss her og der. Det går ikkje brått over til sommar.

– Men vi er ferdige med snø på bakkeplan?

– Vi kjem nok ikkje til å få meir snø i låglandet. Det er ikkje heilt vanleg, det som skjedde i helga og førre veke. Eg trur ikkje vi får sjå meir av det på denne sida av sommaren.

Måndag og tysdag er det meldt 10–12 varmegrader. På onsdag er det meldt 14 grader, og på fredag skal temperaturen komme opp i 15, grader, men då er det meldt regn.

Artikkeltags