Finansdepartementet ber bankane droppe utbytte

Av

Bankane bør vente med å dele ut utbytte for å vere best mogleg sikra mot alvorlege økonomiske tilbakeslag under koronakrisa, ber finansministeren.

DEL

Godt kapitaliserte bankar er ein føresetnad for at bankane skal kunne dekkje store tap og halde fram med å gi lån til bedrifter og hushald. Det er derfor viktig at dei held tilbake overskotsmiddel no, skriv Finansdepartementet i ei pressemelding.

– Sjølv om vi i dei siste månadene har sett teikn til oppgang i norsk og internasjonal økonomi, er faren langt frå over. Eg legg derfor til grunn at norske bankar ventar med å dele ut utbytte eller kjøpe tilbake aksjar til uvissa er ytterlegare redusert, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

(©NPK)

Artikkeltags