Tilsette i finans, kommune og helse vart lønnsvinnarar i fjor

Av

Folk som jobba med finanstenester hadde ein lønnsvekst på 3,1 prosent i fjor, mens veksten var på 2,9 prosent for kommunetilsette.

DEL

Tal frå Teknisk berekningsutval (TBU) viser at lønnsveksten var høgast i desse to yrkesgruppene, saman med helseføretaka der lønnsveksten var på 3,25 prosent og Spekter-bedriftene utanom helseføretaka (+2,9 prosent).

Det blir presisert at lønnsauken i helseføretaka mellom anna kjem av strukturendringar, som fleire legeårsverk.

Årslønnsveksten for industriarbeidarar frå 2017 til 2018 er berekna til 2,75 prosent. Det same gjeld industrifunksjonærar i NHO-bedrifter.

– For dei største forhandlingsområda har berekningsutvalet førebels berekna årslønnsveksten frå 2017 til 2018 til 2,8 prosent i gjennomsnitt. Anslaga for dei fleste store forhandlingsområda er nær dette, heiter det i TBUs omtale av tala.


Artikkeltags