Semje om å fjerne maskinskatten - det råkar industrikommunane hardt

Høyanger sentrum

Høyanger sentrum Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

NTB: DeI borgarlege partia er samde om å fjerne maskinskatten, erfarar NRK.

Det er samtidig semje om fleire kompenserande tiltak for kommunane som blir råka av skattekuttet.

Finansdepartementet sende i sommar ut på høyring forslaget om å endre reglene om eigedomsskatt på arbeidsmaskiner i verk og bruk.

Regjeringa reknar inntektstapet til minst 1,2 milliardar kroner for kommunane.

Les også: Regjeringa vil ta vekk eigedomsskatt på maskiner. – Då må vi kutte i skule og omsorg

Det er særleg kommunar med store industribedrifter som blir råka av at maskinskatten kuttast.

Etter gjeldande regler skal verdien av arbeidsmaskiner takast med i eigedomsskattegrunnlaget når dei er ein del av føretaket.

Administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen i Virke er glad for at skatten fjernast.

– Vi har gått imot maskinskatten fordi den råkar  verdiskaping og arbeidsplassar, særleg i Distrikts-Norge, seier ho til NTB.

Les også: – Hadde grensa for bortebuarstipend vore lenger då eg gjekk på vidaregåande, så hadde ikkje eg vore på Stortinget i dag

Artikkeltags