Gå til sidens hovedinnhold

Filefjell: Fare for glatte parti — og reinsdyr

Ver litt obs om du skal ut og ferdast visse stader i dag.

[SOGN AVIS]: På E16 over Filefjell er det nemleg bart, men fare for glatte parti og reinsdyr, opplyser Statens vegvesen klokka 05.30.

Utover dagen er det elles meldt om relativt vanskelege forhold i Jotunheimen på grunn av sterk vind og snøfokk.

Dårleg sikt

Det gjer at Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel og oppmodar om at dei som kan, held seg i ro.

– Dersom det ikkje er heilt naudsynt å køyre over fjellet onsdag, bør ein utsette det til vêret har roa seg, seier statsmeteorolog Gunnar Livik til NRK.

– Kombinasjonen vind og fuktig snø kan gje både utfordrande veggrep og dårleg sikt, seier han.

På nattestengde Sognefjellsvegen er det i morgontimane i dag vindkast på opp til 12 sekundmeter og snø. Over Vikafjellet er det også stort sett bart og vått, og fare for glatte parti.

Grei beskjed

Denne veka lanserte Yr ei ny samleside som skal innehalde ver- og vegmeldingar spesielt om fjellovergangar.

– Eit nyttig hjelpemiddel for bilistar, meiner Ingunn Handagard, kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

– Spesielt i skiftet mellom sesongane kan samlesida vere nyttig. Då kan du lett finne informasjon om det er naudsynt med vinterdekk eller råd om nokre ekstra forholdsreglar før du reiser, seier ho.

Frå vegtrafikksentralen er meldinga i dag uansett klar:

– Her er det berre vinterdekk som gjeld!

Kommentarer til denne saken