Gå til sidens hovedinnhold

FHI vurderer å droppe andre vaksinedose for personar som har hatt covid-19

Folkehelseinstituttet ser no på om personar som har gjennomgått covid-19, vil ha god nok vern etter berre éin vaksinedose, melder VG.

– Der er det ein del data på at unge og friske har god effekt etter berre ein dose, seier FHIs vaksineeffekt-ekspert Sara Sofie Viksmoen Watle til avisa.

Å kunne gi berre éin dose til personar som har hatt infeksjonen, kan frigjere vaksinedosar til andre. VG skriv at FHI meiner at infeksjonen fungerer som ein vaksinedose nummer éin.

– Den vaksinedosen dei då får etter at dei har hatt sjukdommen, vil gi ein såkalla booster-respons, som liknar på den ein elles får etter andre dose, seier Viksmoen Watle, som understrekar at dette gjeld personar utanfor risikogruppene.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken