FHI vil koronateste friske personar

MASSETESTING: Fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet vil teste friske for å få betre oversikt. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Island har testa eit utval frå heile befolkninga, for å finne mørketala over kor mange som er smitta av korona. FHI vil gjere same eksperiment i Norge.
Island har gjennomført 12.000 testar, som betyr at dei er det landet i verda som har testa størst del av befolkninga. Det gjev svar på to spørsmål: kor mange av dei som ser ut til å vere infisert som faktisk har viruset, og kor brei spreiinga av viruset er i samfunnet, skriv NRK.
6.163 islendingar utan symptom på koronavirus har vorte testa, og 52 av prøvane har vore positive.
Folkehelseinstituttet har fatta interesse for den islandske modellen. I dag blir dei som har symptom på luftvegsinfeksjon og er i risikogruppe, eller jobbar i helsevesenet prioriterte for testing.
– Det vil vere veldig nyttig å gjere ein liknande type studie i Noreg. Dette er ikkje berre noko vi har lyst å gjere, dette er noko som vil bli gjort. Vi jobbar berre med å få det på plass med tanke på gjennomføring og finansiering, seier fagdirektør for smittevern Frode Forland i FHI.
(©NPK)
Kommentarer til denne saken