Gå til sidens hovedinnhold

FHI: Vaksinasjon av barn kan redde fleire liv

Ifølge FHIs modellar kan vaksinasjon av 16- og 17-åringar gi opptil 30 prosent færre dødsfall i år, skriv VG.

– Denne gruppa har ikkje høg risiko for alvorleg sjukdom, så for 16-17-åringar handlar det meir om færre infeksjonar – som vil gi ein positiv effekt på smittesituasjonen i heile befolkninga.

Det seier Birgitte de Blasio, som leiar FHIs modelleringsteam, til VG måndag.

Regjeringa vedtok førre veke at 16- og 17-åringane skal få tilbod om vaksine etter at befolkninga over 18 år er fullvaksinert.

No reknar FHI på kor mange liv ein kan spare å vaksinere barn i alderen 12 til 15 år. Neste veke skal FHIs modelleringsteam vere ferdig med nye modellar, som kan fortelje meir om kva slags effekt det kan ha.

Dei siste modellane FHI leverte om vaksinasjon av 16- og 17-åringar, viste at aldersgruppa 10–19 år vil stå for ein stor del av smittetilfella til hausten og bidra uforholdsmessig til sirkulasjonen av virus etter at alle vaksne har fått tilbod om vaksinen.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad sa søndag til VG at om nokre veker vil dei fleste smitta vere barn og ungdom. Han anslår at vi vil nærme oss 1.300 smitta per dag i byrjinga av september, og dei fleste av desse vil vere barn og ungdom.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken