– Situasjonen er framleis uføreseieleg, og vi er førebudde på ein auke i smitte igjen når befolkninga etter kvart vender tilbake etter sommarferien, seier direktør for smittevern Trygve Ottersen, i ei pressemelding.

Situasjonen kan også endre seg dersom det kjem nye variantar av koronaviruset som er meir smittsame enn dei vi har no, skriv Folkehelseinstituttet i sin siste rapport for vekene 29 og 30.

Framover er det viktig at personar over 75 år og sjukeheimsbebuarar tek ein fjerde dose med koronavaksine. Desse gruppene skal få tilbod om vaksine i kommunen dei bur i.

Forventar fleire på sjukehus

– Elles kan samfunnet halde fram med normal kvardag utan eigne smitteverntiltak mot covid-19, seier Ottesen.

Nedgangen i talet på nye pasientar som er innlagde i sjukehus med covid-19 som hovudårsak har flata ut den siste veka. Framover forventar FHI at talet på nye innlagde i sjukehus vil stige.

I veke 28 vart 198 personar lagde inn på sjukehus med covid-19, det var ein nedgang frå 280 i veke 28. Nedgangen til veke 30 er ikkje så bratt, 192 nye pasientar vart innlagde førre veke.

For veke 31 forventar FHI at talet på nye pasientar innlagt med covid-19 i norske sjukehus vil auke.

Usikre tal på dødsfall

Det er ikkje registrert nokon dødsfall som kjem av covid-19 i veke 30. Det er nedgang frå 8 dødsfall i veke 29.

Dette er ein kraftig nedgang frå veke 28 og 27 då dei registrere dødstala var høvesvis 97 og 88.

FHI skriv i den siste vekerapporten at det er større uvissa knytt til dei registrerte dødstala for dei to siste vekene enn det som er normalt. Dei ventar at dødstala for veke 29 og 30 vil bli oppjustert.

Nivået av totaldøying har så langt i 2022 vore som venta med unntak av veke 11,12 og 25 står det i vekerapporten.