Gå til sidens hovedinnhold

FHI tilrår at barn fødde mellom 2006 og 2008 får tilbod om éin dose koronavaksine

– Vil redusere risikoen for alvorleg sjukdom.

Barn fødde mellom 2006 og 2008 i ungdomsskulen bør få tilbod om éin dose med koronavaksine, tilrår Folkehelseinstituttet.

– Ved eit slikt tilbod vil ungdommen redusere eigen risiko for alvorleg sjukdom, skriv Folkehelseinstituttet i si tilråding til regjeringa.

På pressekonferansen til regjeringa klokka 12 blir det klart om dei følgjer Folkehelseinstituttets tilråding.

Folkehelseinstituttet har brukt sommaren på å vurdere om barn og unge skal bli tilbode koronavaksine.

– Ungdom i alderen 12–15 år har generelt svært god vaksinerespons, og det er sannsynleg at vernet vil vare lenger etter éin dose i denne aldersgruppa enn det vil gjere hos vaksne, skriv FHI.

Frå før har barn og ungdom i alderen 12–15 som har risiko for å bli alvorleg koronasjuke, fått tilbod om vaksine. Ifølgje Folkehelseinstituttet utgjer denne gruppa mellom 2.000 og 3.000 barn.

Dei skriv vidare at det å gi éin dose til denne aldersgruppa på samfunnsnivå ikkje i same grad vil bidra til å redusere smittespreiing. FHI meiner at ein kan vurdere ein dose to når det finst nok kunnskap.

Ei rekkje andre land er allereie i gang med vaksinasjon av barn over tolv år mot koronavirus. Blant dei er Finland, Danmark, Kypros, New Zealand, Irland og USA.

Kommentarer til denne saken