FHI: Til saman 33 personar stadfesta smitta med koronaviruset i Noreg

Av

Det siste døgnet er det stadfesta åtte nye tilfelle av koronaviruset i Noreg. Totalt er 33 personar smitta med viruset her til lands.

DEL

Ingen av dei smitta er alvorleg sjuke eller innlagde på sjukehus, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

Av dei åtte nye tilfella er tre frå Viken, éin frå Troms og Finnmark, tre frå Vestland og éin frå Agder. Sju av desse har tilknyting til utbrotet i Nord-Italia og eitt av tilfella er knytte til utbrotet ved Ullevål.

Dei smitta er i heimeisolasjon og blir følgde opp av den kommunale helsetenesta.

Artikkeltags