Folkehelseinstituttet (FHI) har bestemt at pausen i AstraZeneca-vaksinasjonen blir utvida med tre veker som følgje av dei moglege alvorlege biverknadene.

– Vi har vedteke å framleis ha ein pause og ta ei ny avgjerd innan 15. april, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg til NRK.

FHI hadde varsla at dei skulle leggje ut vurderinga si på nettsidene klokka 12 fredag, men nyheita har førebels berre vorte stadfesta av Stoltenberg i eit intervju med statskanalen.

Firda kjem tilbake med meir.