FHI ser ikkje bort frå at koronaviruset kom til Noreg før 26. februar

vEIT IKKJE NÅR: Line Vold frå Folkehelkseinstituttet seier det er usikkert når det første tilfellet av koronasmitte kom til Norge.

vEIT IKKJE NÅR: Line Vold frå Folkehelkseinstituttet seier det er usikkert når det første tilfellet av koronasmitte kom til Norge. Foto:

Av
DEL

Det første tilfellet av koronasmitte i Noreg vart påvist 26. februar, men Folkehelseinstituttet ser ikkje bort frå at det kan ha vore smitta i landet før det.

– Det kan jo godt hende at vi har hatt noko smitte før det utan at ein har oppdaga det. Vi veit jo at om ein har lite symptom, så vil ein ikkje automatisk gå for å bli testa, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet til NTB.

– Vi kan ikkje vere sikre på når det første tilfellet kom til Noreg, seier ho vidare.

Det var 26. februar at ei kvinne i Tromsø fekk påvist koronavirus etter at ho kom heim frå Kina. Kvinna er den første personen i Noreg som fekk påvist viruset.

Den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell sa tidlegare tysdag at han trur det har vore koronasmitta i Sverige så tidleg som i november 2019. Vold seier at Folkehelseinstituttet jamleg har kontakt med kollegaene sine i dei nordiske landa, men at ho ikkje veit kva data teorien om at dei hadde smitte i Sverige allereie i november, byggjer på.

Folkehelseinstituttet har ikkje gjort noko aktivt for å finne ut om det kom koronasmitta til Noreg før det første påviste tilfellet, ifølgje Vold.

– Det hadde vore interessant å kikke på, men vi har ikkje gått noko inn på det så langt, seier ho.

I Frankrike vart det påvist smitte hos ein mann 27. desember, fire dagar før Kina melde om det første smittetilfellet.

(©NPK)

Artikkeltags