Det er ikkje meir enn to veker sidan Folkehelseinstituttet (FHI) trudde at det kanskje ikkje vart noko utbrot av influensa i Noreg i år. Men så vart brått 100 skuleelevar smitta på eit skuleball i Ålesund førre veke. Det er det største utbrotet på over to år, skriv NRK.

– Av denne grunn er det derfor uro for at det neste influensautbrotet kan bli omfattande med mange sjuke, seier lege Trine Hessevik Paulsen hos FHI til kanalen.

Kvart år døyr gamle og sjuke av influensa, og mellom 5–10 prosent i befolkninga blir gjerne smitta i løpet av ein sesong. Paulsen trur ikkje smitten kjem til å nå så mange no.

– Sjølv om det er truleg at det blir aukande smitte i Noreg framover, går vi òg raskt mot vår, og vi går ut frå at dette vil bremse smitten, seier ho.

Kommuneoverlegen i Ålesund trur òg våren vil ha ein positiv effekt, men er ikkje like optimistisk.

– Den influensavarianten vi har no er ei litt hissig sak, seier kommuneoverlege Alexander Drabløs Wiig.