Gå til sidens hovedinnhold

FHI reknar med at ein blir immun etter å ha hatt koronaviruset

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er uvisse knytt til om personar som har vorte smitta av koronaviruset, blir immune. Folkehelseinstituttet (FHI) reknar med at ein blir immun.

– Vi reknar med at ein blir immun etter å ha hatt sjukdommen, men det er likevel usikkert kor fullstendig og langvarig denne immuniteten er, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.

– Dette har tyding for opparbeiding av immunitet i befolkninga, altså kor stor draghjelp ein får av befolkningsimmunitet når det effektive smittetalet skal reduserast, seier ho.

FHI reknar med at ein vaksine mot covid-19 tidlegast vil vere klar hausten 2021, men at det i verste fall kan ta fleire år før ein vaksine finst.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken