Det er ikkje grunnlag for å gi ein fjerde dose til alle over 80 år, men dette kan vurderast av den enkelte, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

– Sidan tilbod om vaksine til personar 80 år og eldre ikkje er ei generell tilråding, er det ikkje behov for at kommunane aktivt kallar inn til vaksinasjon, skriv dei.

Den oppdaterte vurderinga er i tråd med vurderingane til det europeiske smittevernbyrået (ECDC) og det europeiske legemiddelkontoret (EMA).

Samtidig ber FHI om at fleire med svekt immunforsvar tek ein fjerde dose. Personane i denne gruppa blir tilrådde grunnvaksinasjon med tre dosar, og dessutan ein oppfriskingsdose etter tre månader.

– Vi ser at oppslutning om dei tre første dosane har vore svært god, men det er framleis mange med alvorleg svekt immunforsvar som ikkje har teke oppfriskingsdose i tillegg. Vi ønskjer at fleire følgjer tilrådinga for å få auka vern, seier assisterande direktør Geir Bukholm i FHI.