Nordmenn skal få tilbod om å ta dei oppdaterte koronavaksinane frå Pfizer og Moderna, opplyser Folkehelseinstituttet.

– No når variant-oppdaterte mRNA-baserte vaksinar frå Pfizer og Moderna er godkjende som oppfriskingsdosar, vil vi i Noreg tilby dei ved oppfriskingsvaksinasjon – til alle grupper som blir tilrådde å ta oppfriskingsdosar, seier assisterande direktør Geir Bukholm til Dagbladet.

For grunnvaksinasjon med mRNA-vaksinar er det berre dei opphavlege vaksinane som er godkjende, seier han.

Den første og andre dosen blir rekna som grunnvaksinasjon i Noreg. Hittil er 90,9 prosent av alle i Noreg som er 18 år og eldre, registrerte som grunnvaksinerte.

Oppfriskingsdose blir tilrådd til personar som er 65 år og eldre, og personar mellom 18 og 64 år som er i risikogruppene.

EUs legemiddelbyrå (EMA) godkjende dei oppdaterte vaksinane torsdag. Dei skal gi breiare vern mot koronaviruset og omikronvarianten.

(©NPK)