Gå til sidens hovedinnhold

FHI om svensk Moderna-stopp: Unge menn bør vurdere å ta Pfizer-vaksinen

FHI oppmodar gutar og unge menn under 30 til å ta Pfizer-vaksinen framfor Moderna-vaksinen på grunn av auka fare for ein sjeldan biverknad med Moderna.

Myokarditt (hjartemuskelbetennelse) er ein sjeldan biverknad etter mRNA-vaksinar. Biverknaden blir sett særleg hos gutar og unge menn og i hovudsak etter andre dose.

FHI skriv i ei pressemelding at oppdatert kunnskap tyder på at dette hender oftare ved bruk av Modernas vaksine enn ved Pfizer-vaksinen.

– Dette ser ut til å gjelde uavhengig av kva mRNA-vaksine som vart gitt som første dose, meiner FHI.

Smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI understrekar igjen tilrådinga om at ungdom under 18 år blir vaksinerte med Pfizer-vaksinen Comirnaty uansett kva mRNA-vaksine dei fekk som første dose.

– Menn under 30 år bør òg vurdere å velje Comirnaty når dei skal vaksinere seg, seier Bukholm.

Det er overvakingsanalysar av melde biverknader frå USA som har antyda at myokarditt kan vere hyppigare ved bruk av Modernas vaksine som andre dose enn vaksinen frå Pfizer, men tala har vore små og derfor usikre.

– Nye overvakingsdata frå Ontario, Canada, styrkar at denne observasjonen er rett, og førebelse overvakingsdata frå Noreg, Sverige og andre land kan tyde på det same, skriv FHI.

Samtidig understrekar dei at biverknaden er sjeldan, og at dei fleste som har vorte ramma av han, har fått relativt milde symptom.

Kommentarer til denne saken