– Smittespreiinga og talet på nye sjukehusinnleggingar på grunn av covid-19 er svakt aukande. Det var ein nedgang i talet på dødsfall i veke 45 samanlikna med den førre veka, men det har samla sett vore ein auke i talet på dødsfall dei siste par vekene, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i vekerapporten sin.
Helseinstitusjonane må ha beredskap for fleire innleggingar, fleire utbrot og for større sjukefråvær, understrekar FHI.
Samfunnet elles kan halde fram med ein normal kvardag utan smitteverntiltak.
Det er også fleire tilfelle av influensa og RS-virus, og det er sannsynleg at også desse virusa vil gi utbrot i vinter, meiner FHI.
– Det er for tidleg å seie om utbrota vil komme samtidig, eller etter kvarandre, og kor store dei vil bli.
Mengde av påvisingar og innleggingar av RS-virus er svakt aukande, spesielt hos barn under 5 år. Det kan tyde på at vi er i starten av utbrotet i vinter blant barn.
Slutt på daglege koronatal frå FHI
Ny koronavariant på frammarsj – også i Noreg
