FHI: Nær seks av ti koronadødsfall på sjukeheim

Av

Nær 60 prosent av alle dødsfalla som er relaterte til utbrotet av koronavirus i Noreg, har skjedd på sjukeheim, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

DEL

Blant dei 8.254 personane som har testa positivt, var 233 døde ved utgangen av sist veke.

På det meste døydde 58 personar på ei veke, frå 8. til 14. april.

– I midten av april vart det rekna ut eit noko høgare talet på dødsfall totalt enn det som er normalt i aldersgruppa over 65 år i fylka Oslo og Viken, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.

– Utover dette ser det førebels ikkje ut til at covid-19-epidemien har ført til overdøyelegheit i Noreg, legg ho til.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken