Gå til sidens hovedinnhold

FHI meinte opning av skular og barnehagar burde vurderast – regjeringa heldt på stenginga

Artikkelen er over 1 år gammel

Dagen før koronatiltaka vart vidareført til over påske rådde Folkehelseinstituttet (FHI) til å snarleg vurdere gjenopning av skular og barnehagar.

FHI kom med råda sine på oppfordring frå Helsedirektoratet, ifølgje Dagens Næringsliv.

FHI viste mellom anna til Finland som døme. Der er barneskulane opna igjen for elevar frå første til tredje klasse, men det er ikkje obligatorisk å komme. Barnehagane er òg opne.

Effekten av å stenge skular og barnehagar er usikker og er berre er aktuelt å vurdere når det er utbreidd smitte i samfunnet, meinte FHI.

Dei påpeika at konsekvensane av tiltaket potensielt er store og viste til at mange må vere heime frå jobb med barna sine, og at effektar på barn må kartleggast.

Helsedirektoratet tilrådde regjeringa å vidareføre tiltaket, men at justeringar blir vurdert, opplyste helsedirektør Bjørn Guldvog på pressekonferansen tysdag

FHI meinte òg at hytteforbodet ikkje bør haldast oppe gjennom heile utbrotet, og at det må sjåast i samanheng med andre mobilitetsavgrensande tiltak.

Dei negative konsekvensane blir sett på som små til moderate, men FHI meiner at det «bør vurderes om en mulig negativ konsekvens kan være at det i forbindelse med fridager vil bli tettere på samlingssteder i byene enn om man gir anledning til opphold utenfor kommunen».

Les også

Koronaviruset og dårleg vêr gir historisk låg straumpris

Les også

Helsedirektoratet: – Ein tredjedel av folk i Norge er i risikogruppa

Les også

Gir iPad til eldreheimane: – Eit sosialt tiltak no, men også for framtida

Les også

Slik vil dei løyse hytteforbodet – foreslår desse «reglane»

Kommentarer til denne saken