FHI med nye retningslinjer for koronatesting

Av

Fredag formiddag la Folkehelseinstituttet (FHI) ut nye retningslinjer på nettsidene sine for kven som skal testast for covid-19.

DEL

I dei nye retningslinjene heiter det at ved akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller kort pust, skal pasientar med behov for innlegging, pasientar og bebuarar i helseinstitusjonar, tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid og personar over 65 år med underliggjande sjukdom bli prioriterte for testing av koronavirus.

FHI presiserer at personar utan symptom ikkje skal testast for koronavirus, og at andre personar med akutt luftvegsinfeksjon vanlegvis ikkje skal tilbydast testing, heller ikkje etter reise.

Tilsette i pasientnært arbeid kan vurderast for testing òg ved mildare akutte luftvegssymptom som har vart i over to døgn.

Personar som har vore i nærkontakt med eit stadfesta covid-19-tilfelle, kan òg testast, men ved manglande kapasitet kan denne gruppa nedprioriterast, heiter det.

Artikkeltags