FHI: Høg risiko for spreiing av muterte virus

AVDELINGSDIREKTØR: Line Vold I Folkehelseinstituttet. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Folkehelseinstituttet ser høg risiko for at virusvariantane frå Storbritannia og Sør-Afrika skal byrje å spreie seg i Noreg.
Det kjem fram i ei oppdatert risikovurdering frå Folkehelseinstituttet om variantar av koronaviruset.
– Dei variantane som har størst spreiingsevne, altså høgast R-tal, vil etter kvart dominere. Sidan slike variantar spreier seg betre, blir det kravd meir effektive tiltak for å halde dei under kontroll, seier avdelingsdirektør Line Vold ved FHI i ei pressemelding.
Ho gjer det klart at bekymringa er større no enn då den førre risikovurderinga vart lagt fram i romjula.
Den britiske varianten av viruset har ført til ein sterk auke av epidemien i Storbritannia og Irland. Den sørafrikanske varianten har ført til ein kraftig epidemi i Sør-Afrika.
I tillegg følgjer FHI nøye med på ein mutasjon frå Brasil.
I Noreg ser desse variantane ikkje ut til å ha fått fotfeste enno. Så langt er det påvist 25 tilfelle av den britiske varianten og eitt tilfelle av den sørafrikanske her til lands.
Viss dei får fotfeste, er det ifølgje FHI «langt fra sikkert» at Noreg vil klare å halde utbrota under kontroll:
«Disse nye variantene blir sannsynligvis i løpet av de kommende månadene en alvorlig trussel mot vår evne til å holde epidemien under kontroll», blir det åtvara i risikovurderinga.
Kommentarer til denne saken