FHI-direktøren åtvarar mot ny nedstenging av Noreg

PÅ RETUR: Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg  seier at 0,7 prosent av befolkninga har vore smitta. Ho åtvarar mot ny smittebølgje, men trur ikkje at det blir aktuell med ei slik nedstenging som vi har hatt i vår.

PÅ RETUR: Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg seier at 0,7 prosent av befolkninga har vore smitta. Ho åtvarar mot ny smittebølgje, men trur ikkje at det blir aktuell med ei slik nedstenging som vi har hatt i vår. Foto:

Av
DEL

FHI-direktøren meiner det faglege grunnlaget for stenging av Noreg ikkje var godt nok, og åtvarar mot ny stenging av landet – sjølv med oppblussing av smitte.

Spesielt meiner direktør Camilla Stoltenberg at skular og barnehagar kanskje ikkje hadde behøvd å stengje.

– Vurderinga vår no, og det oppfattar eg at det er brei semje om i samband med gjenopninga, var at ein kunne oppnå kanskje den same effekten og unngå ein del av dei uheldige ringverknadene ved å ikkje stengje, men ved å halde ope med smitteverntiltak, seier ho til NRK.

Stoltenberg påpeikar at dei råda Folkehelseinstituttet kom med før stenginga var gode råd, men at dei ikkje var gjort på godt nok fagleg grunnlag, og seier at kunnskapsgrunnlaget ikkje var det same som i dag.

Åtvara om ny smittebølgje

Onsdag åtvara FHI i ein ny rapport om at nye bølgjer av covid-19-epidemien kan komme samtidig med dei årlege influensaepidemiane i oktober.

– Størrelsen på utbrota vil avhenge av kor omfattande smitteverntiltak som blir sett i verk, skriv FHI.

I intervjua med NRK åtvarar Stoltenberg mot ein ny stenging av landet, sjølv om smittetala skulle auke.

– Eg trur det skal veldig mykje til. Og der er det jo ein sterk vilje hos alle partar til å finne verkemiddel som er meir skånsame og meir smidige. Det føreset eit engasjement hos heile befolkninga for å følgje smittevernråda, seier ho.

I retur

Koronaepidemien i Noreg skaut fart i midten av mars, og 12. mars vart store delar av samfunnet stengt ned for å hindre smittespreiing.

Den første bølgja av epidemien er på retur i Noreg. Det er låg spreiing i den generelle befolkninga, og rundt 0,7 prosent av befolkninga blir anteken å ha vore smitta.

Dei siste vekene har det vore ei gradvis gjenopning av samfunnet.

(©NPK)

Artikkeltags