Gå til sidens hovedinnhold

FHI: Det hastar med å gi oppfriskingsdose til eldre

Innleggingsstala aukar, og det er framleis flest eldre og uvaksinerte som blir innlagde. Det hastar med å gi tredje vaksinedose til dei eldre, seier FHI.

– Førre veke vart det varsla om rekordmange utbrot i sjukeheimar og sjukehus, og vi ser òg ei klar stigning i talet på dødsfall. Blant dei eldste er situasjonen meir alvorleg enn han har vore i 2021, skriv FHI i vekerapporten sin for veke 45 som kom onsdag.

Tysdag vart det sett ny døgnrekord med 2.552 koronasmitta i Noreg, medan det onsdag vart registrert 2.478 nye koronasmitta.

Samtidig er no tala på koronainnlagde på sjukehus det høgaste sidan april, med 219 registrerte pasientar onsdag.

Overlege Are Stuwitz Berg seier til VG at det hastar det med å gi dei eldste ein tredje såkalla «boosterdose».

– Det er framleis det same bildet: Dei eldre og dei uvaksinerte blir lagde inn, seier Stuwitz Berg.

Han seier at ein tredje vaksinedose vil gi dei eldre, som det er lengst sidan fekk dei to første dosane sine, større vern mot viruset.

– Det vil jo alltid vere vanskeleg å seie på individnivå kor godt verna du er. Om du er eldre, er likevel risikoen er høgare for at du har fått litt mindre vern etter berre to dosar.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken