Folkehelseinstituttet (FHI) ber Norge førebu seg på kraftige bølger med influensa, kikhoste og RS-virusinfeksjon. Særleg små barn og eldre er sårbare.

– Folkehelseinstituttet vurderer at det kommande haust og vinter er gode sjansar for at førekomsten av andre luftvegsinfeksjonar enn covid-19 blir ein god del høgare enn vanlege sesongar. Dette gjeld særleg influensa, RS-virusinfeksjon og kikhoste. Små barn og eldre er mest utsette, skriv FHI i ei ny risikovurdering.

Ventar fleire innleggingar

Hovudårsaka er at immuniteten i befolkninga mot desse sjukdommane har falle under pandemiperioden, der strenge smitteverntiltak har ført til få tilfelle.

– Folkehelseinstituttet vurderer at det kan bli stor konsekvens av desse epidemiane i form av betydeleg fleire innleggingar i sjukehus av særleg små barn (med RS-virusinfeksjon, kikhoste og influensa) og av eldre (med influensa og lungebetennelsar) enn vanlege vintersesongar. Det kan òg bli fleire dødsfall. Primærhelsetenesta vil òg få auka belastning, skriv FHI.

Det blir understreka at FHI har «moderat tiltru» til risikovurderinga.

Tilrår auka beredskap

I snitt bereknar FHI at 900 personar døyr av influensa i Noreg i ein vanleg sesong, men enkelte sesongar har talet vore nærare 1.500.

I risikovurderinga tilrår FHI auka overvaking av andre luftvegsinfeksjonar enn covid-19, styrkt vaksinasjon og smitteverntiltak og styrkt beredskap og ei meir årvaken helseteneste.

Både influensa og RS-virus gir normalt utbrot i vintersesongen, medan kikhoste oftast dukkar opp på seinsommaren og hausten.

– Det er likevel no rapportert ein auke i RS-virusinfeksjonar og at små barn frå andre land blir innlagde på sjukehus på eit uvanleg tidspunkt i forhold til normalsesong, skriv instituttet.

Auka merksemd

I fleire andre land er det rapportert ein auke i talet på alvorlege tilfelle av RS-virus, mellom anna i Australia, USA, Storbritannia og andre skandinaviske land.

– Vi har så langt ikkje observert ei tilsvarande utvikling her i Norge, men vi må vere førebudde på at det kan skje, og vil derfor auke merksemda ved å gi ut denne risikovurderinga, seier overlege, Margrethe Greve-Isdahl i FHI.

RS-virus fører til utbrot kvar vinter. Vanlege kjenneteikn er symptom på vanleg forkjøling, med hoste og feber. Nesten alle barn har gått gjennom RS-virusinfeksjon før to års alder, men det er òg vanleg med reinfeksjon.

(©NPK)